Konglesykkeldag i Øvre Årdal 26. mai 2011

Endeleg skein sola når den 2. Konglesykkeldagen i Årdal gjekk av stabelen! Nærare 40 born frå 3 til 10 år deltok. Saman med dei vaksne som møtte opp var det nærare 150 personar til stades på Torget i Øvre Årdal.

Steinar Drægni frå Årdal Tenk Tryggleik laga til hinderløype og var ”speaker” under arrangementet. Han kommenterte og leia kvar deltakar gjennom hinderløypa. Etter nokre øvingsrundar på sykkelen fekk borna sleppe til og vise ferdigheitene sine. Alle gjorde ein strålande innsats, sjølv om ”planken” var litt vanskeleg.

Etterpå var det utdeling av diplom og konglehandkle til alle deltakarane. Til slutt vart det trekt ut 4 sykkelhjelmar. Sjølve hovudgevinsten, ein valfri sykkel, gjekk til Sanna Sæbø på 6 år. Ho valde seg ein nydeleg kvit og lyseblå jentesykkel!