Kongleveka i Årdal 17.-21. februar

Den fyrste Kongleveka i 2014 er over, og me hadde besøk av mange små Konglekundar som tømde sparebøssene sine. Borna fekk premie, og kosa seg med muffins og juice. Dei fargela òg fine teikningar som me hengde på veggen.

Mange var med på konkurransen vår under Kongleveka, og vinnaren av eit gåvekort på kr 500,- frå Sportshuset er Leah Nordnes – gratulera!

Takk til alle som var innom, og velkomne tilbake i haustferien!