Vinnar i rebuskonkurransen i Kongleveka

AndreaI førre Kongleveke hadde vi ein kjekk rebuskonkurranse der ein heldig Konglekunde kunne vinne eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk. 

Den heldige vinnaren vart Andrea Amundsen på 6 år frå Leikanger. Andrea ønskte seg gåvekort frå Yes! Vi leker i Sogndal. Ho vil bruke gåvekortet til å kjøpe huset til Askepott, og så vil ho dele litt med tvillingbroren, slik at han også får noko.

Vi gratulerer Andrea!

Vi trekte også tre andre som får ei overrasking frå Kongleriket. Dette var Marius Ylvisåker 10 år frå Fardal, Elian Torsheim 4 år frå Høyanger og Emil Bell Folland 3 år frå Sande. Overraskinga kjem i posten snart!