Familiedag på Ulriken

Søndag 19.september arrangerte Sparebanken Sogn og Fjordane familiedag på Ulriken. Vi hadde aktivitetar som slakkline og skattejakt, og vi fekk prøve å skyte med pil og boge. I tillegg kosa vi oss med pølser og bollar, og Ruben Gazki underheldt oss med tryllekunstane sine. 

Vi hadde spørjekonkurranse, og dei rette svara er:

1. Kven er dette?
A: Hjørdis Hjort

2. Kva skjer med Lucy Lemen når ho vert sint?
A: Ho bles seg opp til ein ballong

3. Kva heiter det høgaste av dei sju byfjella rundt Bergen?
B: Ulriken

Her var det mange som hadde alt riktig, og blant desse har vi trekt ut Gunhild Daling Korsøen og Aida B. Enget som heldige vinnarar.

I glaset med kongler var det 26 stk, og steinen som de skulle tippe vekta til vog 2,5 kg.
Sindre Solstrand tippa riktig antal kongler, medan Madeleine Kroondijk og Hanne Friborg hadde svart riktig på kor tung steinen var.

Alle vinnarane kan komme innom kontoret vårt i Bergen og få kvar sin flotte Konglesekk.