Familiedag på Ulriken 25. september

Søndag 25.september arrangerte vi familiedag på Ulriken. Det var ein vindfull, men kjekk dag.

Vi fekk prøve å balansere på slakkline, skyte med pil og boge, finne dyrespor ved hjelp av GPS og natursti. I tillegg kosa vi oss med pølser og kanelbollar.