Julekino i Bremanger 2. desember

Gubben og KattenFredag 2. desember kl. 17:00 blir det Konglekino i Bremanger.

Vi inviterer alle medlemmer av Kongleriket til filmen “Gubben og katten – Tidenes gladeste jul”. Ta gjerne med søsken og vener som er medlemmer i Kongleriket. Alle foreldre er òg hjarteleg velkomne.

Banken spanderer nissegodt til alle borna!

Påmelding med antal born og vaksne til linda.stenseth@ssf.no innan torsdag 1. desember. Avgrensa med plassar, så ver rask.

Vel møtt!