Familiedag i Sandalen søndag 28. september

Open dagSparebanken Sogn og Fjordane og Snønipa Samdrift DA Inviterer denne søndagen til open gard i Sandalen i Breim. Arrangementet er ein del av Matamål 2014.

Det vert høve til å helse på dyra på garden, køyretur med gråtass, natursti, ola-billøp og ein rekke andre aktivitetar. Ungdommar frå området demonstrere pløying med traktor for alle frammøtte.

Fiskeutvalet i Gloppen Jeger og Fisk tilbreder fisk frå Sandalsvatnet og Snønipa 4H serverer mat.

For interesserte er det høve til omvisning i kraftverket.

Arrangementet varer frå kl 12.00-16.00.

Velkomne!

Sjå meir informasjon her