Fjaler

Elin Ekorn og Kåre Bjørn på Torgdagen

Elin Ekorn og Kåre BjørnTar du turen til Torgdagen i Dale 12. august, kan du møte Bamsen Kåre Bjørn og Elin Ekorn.

Møter du på dei, så ta gjerne eit bilete saman med dei, legg det ut på Facebook eller Instagram og merk dei med #kongleriket

Vi trekkjer ein heldig vinnar blant dei som legg ut bilete i slutten av september. Premien er ein sekk frå Kongleriket med mykje spennande innhald.

Kongledag onsdag 15. mars

SPESIAL_vaarOnsdag 15. mars vert det Kongledag med langope i banken kl 10:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss. Her kan barna delta i konkurranse og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Julekino i Dale 3. desember

Karsten og Petras vidunderlige julLaurdag 3. desember kl 15:00 blir det Konglekino i Dale.

Vi inviterer alle medlemmer av Kongleriket til filmen “Karsten og Petras vidunderlige jul”. Kinoen er gratis for store og små! Vi spanderer litt kinogodt og popcorn.

Påmelding med antall born og vaksne til pmdale@ssf.no eller ring Mari på 920 44 694 eller Ingebjørg på 57 73 72 13 innan torsdag 1. desember

Vel møtt!

Kongleveke 10.- 14. oktober

Svelgen10.-14. oktober er det Kongleveke i banken.

Vi deler ut ei fin lommebok til alle som kjem innom og tømmer sparebøssa si. I tillegg har vi ein spennande rebuskonkurranse i banken, der Konglekundane kan bli med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner frå leikebutikken og ein Konglesekk.

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!

Kongleveke 15.-19. februar

15.-19. februar er vi klare for ny Kongleveke! vinterbilde300x300
Vi håpar så mange som mogleg kjem innom oss for å tømme sparebøssene sine. Då får du nemleg ei fin overrasking frå Kongleriket. I Kongleveka har vi kjekke aktivitetsark der vi trekk ut heldige vinnarar som får ein Konglesekk.

I tillegg kan du vere med i konglevekequizen vår og vinne gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Dette blir heilt KONGLE!

Kongleveke 5.-9. oktober

Vi er klare for ny Kongleveke frå 5. til 9. oktober!Svelgen

Ta med deg sparebøssa di og kom innom banken – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket.

 

Les heile «Kongleveke 5.-9. oktober»

Kongleveke 16.- 20. februar

Kongleveke16.-20. februar er det igjen klart for Kongleveke!

Ta med sparebøssa og kom innom – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i teiknekonkurranse der premien er eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk.

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!

Vinnar i rebuskonkurransen i Kongleveka

AndreaI førre Kongleveke hadde vi ein kjekk rebuskonkurranse der ein heldig Konglekunde kunne vinne eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk. 

Den heldige vinnaren vart Andrea Amundsen på 6 år frå Leikanger. Andrea ønskte seg gåvekort frå Yes! Vi leker i Sogndal. Ho vil bruke gåvekortet til å kjøpe huset til Askepott, og så vil ho dele litt med tvillingbroren, slik at han også får noko.

Vi gratulerer Andrea!

Vi trekte også tre andre som får ei overrasking frå Kongleriket. Dette var Marius Ylvisåker 10 år frå Fardal, Elian Torsheim 4 år frå Høyanger og Emil Bell Folland 3 år frå Sande. Overraskinga kjem i posten snart!

Kongleveke 6.- 10. oktober

Kongleveke 6.-10. oktober6.- 10. oktober er det igjen klart for Kongleveke!

Ta med sparebøssa og kom innom banken – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Vi har også spennande konkurransar med fine premiar, som du kan delta i!

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!

Vinn gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Kongleminiputt

Sjå bilder frå Kongleminiputturnering!