Kongleveka i Førde
Den andre Kongleveka i år er over og vi i banken er utruleg fornøgde med oppmøtet av Konglemedlemar. Nesten 500 barn tømte sparebøssa si denne veke så det syner at det er mange flinke sparar blant Konglekundane våre.
Dette syns vi i banken er HEILT KONGLE!
For første gong hadde vi eigen Kongleskranke og dette gjekk så greitt at vi har bestemt oss for å ha det neste Kongleveke også.
I tillegg til å tømme sparebøssa, så kunne alle barn vere med på ulike konkurransar og kose seg med frukt og kjeks.
Vinnarane av konkurransane er no trekt ut og får tilsendt premie i posten.
Vinnarar
Instrumentrebus: Martha Helena Såtendal og Fredrik B Råheim
Ordkonkurransen: Jenny Sandvik Gloppen
Musa frå musepatruljen finn pengetreet: Sofie Myren
Vinnar av teiknekonkurransen blir trekt ut etter 1. november.
Tusen takk til alle små og store for ei kjekk Kongleveke. Då er det berre å spare til neste Kongleveke!
Vi snakkast!
