Kongledag på Langeland
I strålande solskin var det mange som hadde tatt turen til Langeland søndag.
285 fekk utdelt startnummer til Orienteringsløpa; éi litt lang der ein fekk bruke databrikke til å registrere postane, og éi Turboløype med spørsmål på kvar post. Mange fekk prøve å gå på slakk line, og det var til og med mogelegheit for å ri på hest for dei som ville det. Alle som fekk startnummer når dei skulle ut i orienteringsløypene fekk diplom og fine premiar då dei var ferdige, og seinare var det til og med trekking av ekstrapremiar! Mange opplevingar rikare og pølser mettare reiste alle glade og fornøgde heim igjen i varm og nydeleg haustsol!






