Konglemeisterskap i Aurekasting

AurefiskkastingSparebanken Sogn og Fjordane og Kongleriket ønskjer alle barn velkommen til årets hending på Skei. Laurdag 14. juni kl 13.00-14.00 blir Konglemeisterskapen i Aurekastning arrangert i forbindelse med Jølster Aurefestival.

Konglemesterskapet har 3 klassar, 0-5 år, 6-9 år og 10-12 år. Konkurransen er veldig enkel, ein skal kaste ein aurefisk utskoren i tre så langt ein klarer. Dette kan alle vere med på, liten som stor!

Alle får deltakarpremie og hovudpremien er ein radiostyrt bil i miniatyrutgave av hovudpremien. I tillegg deler vi ut 10 fiskestenger til 10 heldige deltakarar.

Gratis deltaking – påmelding utanfor Skei Hotel frå kl 12.00

Bli med å skape liv og røre på Skei under Jølster Aurefestival!