Kongleskileik på Langeland

Søndag 3. april hadde vi Kongleskileik på Langeland i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins. Skikrinsen stilte med mange gode hjelparar som var til stor hjelp for dei små som fekk startnummer.

50 påmelde var ute i løypene og prøvde dei forskjellige aktivitetane frå hopp, slalom og orgeltramp. Det vart også lagt opp til rebus der deltakarane skulle finne postar med pengeverdiar på.

Det vart lagt til rette frå banken at deltakarane saman med sine foreldre kunne sitte rundt opptente bål og grille. Det var god stemning i løypene – alle fekk diplom og sjokolade og saft som takk for god deltaking.