Kongleskileik på Langeland laurdag 25. mars

KongleskileikDå er det klart for årets Kongleskileik.

Stad: Langeland – frammøte ved skihytta
Dag: Laurdag 25. mars
Tidspunkt: kl. 12:00 – vi avsluttar ca kl. 15:00

Instruktørar frå langrennsgruppa i Førde Idrettslag vil i samarbeid med banken arrangere skileik og anna moro i snøen på Langeland.
For å vere med på skileikane treng du skiutstyr, godt med klede, mat og drikke. Du kan også ta med deg akebrett om du ynskjer det.

Vi håper at mor, far eller ein annan vaksen person kan vere med deg i løypa og at dei også tek med seg ski.
I matpausen samlast vi rundt bålet der det er høve til å grille medbrakte pølser. Vi serverer varm og kald saft.

Diplom til alle som deltek.

Har du ein ven som ikkje er Konglemedlem kan du gjerne ta han/ho med.

Kongleskileikane blir arrangert uansett ver, men dersom det ikkje er snø må vi avlyse leikane.

Ser deg på Langeland!