Kongleveka i Førde
Då er første Kongleveka i 2011 overstått. Vi hadde i løpet av veka besøk av mange flinke Konglesparar. Premie ved tømming av sparebøssa denne veka var ei handleddslommebok med motiv av Konglekrabben Kurt.
Tema for denne Kongleveka var kunnskap så vi hadde tre ulike konkurransar som alle Konglekundane kunne vere med på. Vi har trekt ut 9 heldige vinnarar som får tilsendt ei flott t-skjorte med Konglemotiv.
Dei heldige vinnarane som får tilsendt premie er :
Benjamin F. Aarøen, Nikolai Helgås Helleseth, Sander Østby Birkeland, Henrik Farnes, Benjamin Aase, Marius Ramstad Rødvik, Theo Leander Håland, Ariel Savland og Hanna Kvammen
Tusen takk til kjekke ungdomar frå Førde Volleyballklubb som hjalp oss heile veka.
27. mars blir det Kongleskileik på Langeland. Meir informasjon kjem på sida her etterkvart.