Langope 5. oktober og Kongleveke 10.-14. oktober i Førde

Svelgen

I Førde tjuvstartar vi Kongleveka og har langope til klokka 18.00 onsdag 5. oktober.
Då kan du få tømme sparebøssa di og få ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i ein spennande rebuskonkurranse der du kan vinne ein Konglesekk og eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk.

10. – 14. oktober er vi klare for ny Kongleveke!
Også i Kongleveka vil vi sjølvsagt ha besøk av mange som vil tømme sparebøssa si og delta i rebuskonkurransen. Og så byr vi sjølvsagt på noko godt å bite i!

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!