Julefest i Kongleriket i Gaular
Onsdag 8. desember var det duka for fest i og rundt banken på Sande.
Linda var på plass med to hestar og mange born tykte det var kjempemoro å ri. Vi hadde fotballjenter som hjelpte til med hjelmane som måtte på før rideturen kunne starte. Ved elva var det opptent bål der folk kunne varme seg og få seg litt gløgg; her og hadde vi hjelp av fotballjentene.
Inne i banken var det pynta og dekka til julestemning. Grauten var på plass og etterpå kunne dei male julekaker; dette var svært populært.
Ikkje berre borna kosa seg, foreldre og besteforeldre benka seg i kaffikroken medan julenissen gjekk rundt om kring å snakka med både store og små. Medlemmane i Kongleriket fekk julegåver av nissen. Nokre tykte dette var svært skummelt, men det ordna seg då dei høyrde nissen si milde røst.
Vi alle tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane avd. Gaular vil nytte høve til å takke for at så mange hadde tid å vitje oss i ei travel juletid og vi vil ynskje dykk alle ei retteleg GOD JUL!









