Kongleveka i Gaular
Førre veke var det Kongleveke, og vi i banken her på Sande er kjempeglade for at så mange ville ta med seg sparebøssene sine og komme på besøk til oss. Vi er imponerte over kor flinke alle hadde vore å spare, dette fortente sjølvsagt premie. Alle som var innom fekk med seg eit tøft fleecepanneband. Kongleriket fekk også mange nye medlemmar frå Gaular denne veka - det er berre Heilt Kongle!
Konkurranse høyrer også med til Kongleveka, og dette var svært populært. Dei heldige vinnarane av konkurransen var Vilde Marie Søgnen, 8 år frå Bygstad, Aurora Vallestad , 8 år frå Viksdalen og Jørgen Helle, 6 år frå Sande. Gratulerer! Dei får 250 kr kvar overført til sin Konglekonto.
Vi gledar oss allereie til neste Kongleveke, og håpar at like mange vil ta turen med sparebøssene sine.
Over: Mari, Elise, Isak og Johanne med mamma Ingunn på besøk i Kongleveka.
Under: Nikolai og Thea med mamma i banken for å tømme sparebøssene sine.

