Kongleveke og Kongletreff i Gaular

15. og 18. februar er det igjen klart for Kongleveke! vinterbilde300x300
Måndag og torsdag i Kongleveka kl 08.00 – 16.00 kan du kome å tømme sparebøssa di i banken på Sande. Alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Vi har også nokre kjekke aktivitetsark i banklokala der vi vil trekke ut heldige vinnarar som får ein Konglesekk.

I tillegg blir det quiz her på nettsidene, så følg med i Kongleveka.

KONGLETREFF I BYGSTAD

Tysdag 23. februar kl 17:30 – 19:30 inviterer vi til Kongletreff i klatrelokala på ”gamleskulen” i Bygstad i samarbeid med Gaular klatreklubb.
Du kan få prøve deg på klatreveggen og på Kongleriket sin natursti, tømme sparebøssa di eller få ta bilete til bankkort. Vi deler ut ei overrasking til alle Konglekundar som deltek, og det blir premie til den beste naturstigåaren og den beste klatraren.

Det vert servering av frukt og saft.

ER DU OVER 13 ÅR?
Dersom det er kundar frå 13 år og oppover som ønskjer å opne seg brukskonto og få bankkort – ta kontakt med Gaular-kontoret i forkant slik at dokumenta kan klargjerast.

Inger Helene tlf 577 18 412 og e-post: inger.helene.overbo@ssf.no

Katrine tlf 578 29 759 og e-post: katrine.osland@ssf.no