Barnas Countrytreff på Sandane
I strålande solskinn tok mange ivrige barn og vaksne turen til Trivselshagen fredag 15. juli for å få med seg ekte cowboystemning og liv og røre.
Det heile byrja med flott konsert med Olav Stedje, der ungane fekk synge med på kjente og kjære barnesongar. Etterpå stod pølse med brød på menyen, noko som gjekk ned på høgkant hos dei fleste. Elles gjekk dagen med til ponnyriding, køyring med hest og kjerre, pil og bogeskyting og linedancing; mykje kjekt å vere med på for små cowboyar med andre ord!
Som sponsor for arrangementet var Kongleriket og Sparebanken sjølvsagt på plass. Alle ungane fekk kvar si fin Kongleriket t-skjorte.
Kongleriket takkkar for ein fin dag i Trivselshagen og nyttar anledninga til å ønskje alle ein riktig fin sommar!










