Kongleriket Ministafett på Breim
Søndag 1. mai var det duka for årets Breimsstafett – og ikkje minst årets Kongleriket Ministafett!
Sola skein frå skyfri himmel, det var varmt og godt i veret og mykje folk hadde tatt turen for å sjå på spreke utøvarar. Heile 34 lag, 170 ungar, frå ulike skular rundt om i fylket var med å sprang ministafetten. Mykje sommarfuglar i magen var det nok både blant ungar og foreldre, men innsatsen var upåklageleg! Vel i mål vanka det medalje og Kongleriket handleddslommebok.
Vi takkar for ein kjempefin dag på Reed!
Sjå bilete frå årets Breimsstafett her