Matamålfestival og turquiz i Gloppen
29. september til 2. oktober var det igjen klart for Matamålfestival i Gloppen.
I det høve hadde Barnas Turlag og Kongleriket slått seg i saman og laga til turquiz for dei minste. Postane var plassert ut rundt om kring i Sandane sentrum – og i strålande ver var det i underkant av 100 born som tok runda rundt for å svare på meir eller mindre kompliserte spørsmål. Om ein svara rett eller feil hadde ingen betydning. Her var det premiar til alle – enten om ein ville ha kopp og fat med Bamsen Kåre Bjørn eller ullpuff frå Barnas Turlag. I tillegg vart det servert mat på bål: varm banan med sjokolade inni – nam, nam!
Det var òg mykje anna kjekt å vere med på i sentrum denne dagen – ein kunne helse på både geiter, grisar, høner og kalvar, kose seg med god mat eller berre gå rundt å sjå på livet. Alltid kjekt med litt ekstra liv og røre i sentrum!