Miniputturnering i Innvik
8. mai gjekk årets første runde av miniputturneringa i fotball av stabelen. Vikane IL stod som arrangør og det vart ein flott søndag på Innvik stadion!
Sol og fint ver og mykje ekte fotballglede å sjå, både blant deltagarar og andre som var tilstades. Sparebanken Sogn og Fjordane og Kongleriket var på plass med stand, og delte ut flotte Brede Bre handkle til ivrige fotballspelarar.
Vi takkar for eit fint arrangement og let bilda tale for seg sjølv!







