Vårens vakraste eventyr!

6.mai var det igjen tid for Breimstafett og Kongleriket Ministafett. Til tross for mai på kalendaren, var det lite som minna om at våren var komen. Med snøbyger og vind blei det til tider surt… Men, innsatsen var uansett upåklageleg: Heile 38 skulelag stilte på startstreken i Ministafetten. Med 5 på kvart lag var heile 190 elevar frå 2.-4.klasse i sving. Nokon alvorlige og prega av ”stundens alvor”, andre litt meir avslappa. Men felles for alle var at dei såg ut til å kose seg.

Til helga (13.mai) er det nytt arrangement med Kongleriket: då er det fotball som står på programmet og miniputturnering på kunstgrasbana på Sandane.
Vi sjåast!