God stemning på nissefest

test sandeTorsdag 10.desember samla det seg nærare 100 personar i banklokalet på Sande til nissefest!

Alle borna fekk risengrynsgraut, rød saft, mandarinar og pepperkaker. Dei vaksne fekk kaffi  og mange av dei nytta sjansen til å smake på grauten òg.

Julestemninga var til å ta og føle på, både store og små koste seg. Høgdepunktet var då nissen endeleg kom etter at vi song «På låven sitter nissen». Han delte ut pakkar  (nissekoppar)  til alle dei snille borna som hadde møtt opp, og fekk eit par klemmar som takk. Nokre hadde i tillegg nytta høve til å ta med seg sparebøssa si, og fekk telt denne opp og sett pengane i banken.

Det såg ut til å vere ei fin oppleving både for dei små og dei store som kom på besøk, det var det i alle fall for oss som stelte til.

Vi ynskjer dykk alle ei fortreffeleg god jul!