Kongleveke i Gulen
Hei alle Konglevener!
I vinterferieveka 18.-22.februar er det klart for ny Kongleveke i banken. Kjem du innom banken og tømmer sparebøssa di, så får du eit nytt fint Konglepanneband i premie. Her kan du delta på ein konkurranse eller gå ein natursti og kanskje vinne ein fin hettegenser. Og i konkurransen vår her på kongleriket.no kan du vinne fine premiar.
Vi vil vere på Byrknesøy (Byrknes Landhandleri) måndag 18. februar frå kl. 15:30 til kl. 16:30. I Brekke ( Coop) er vi onsdag, 20.februar frå kl. 15:30 til kl. 16:30
Dersom du er på ferie i vinterferieveka vil vi ha ein ekstra Kongledag på Coop’en i Brekke onsdag 27/2-13, frå kl. 15:30 til 16:30.
Ta med deg sparebøssa di og kom! Dette blir Heilt Kongle!!!
Hjarteleg velkomen til Kongleveke i Gulen!
Stooor helsing frå oss i Kongleriket











