Barnas dag på Kvingo
Lørdag den 6. august var Sparebanken med på “Barnas Dag” på Kvingo i Masfjorden kommune. Dette kom etter ein invitasjon frå nærbutikken på Kvingo.
Trass overskya ver og regnbyger kom over 30 barn innom standen vår. Her hadde vi forskjellige konkurransar.
Bl.a hadde vi 3 ulike rebusoppgåver, ein kunne tippe på Kongleglaset og ein hadde også ei oppgåve som gjekk på miljø og bossortering. Vi hadde også med fargestifter og teikneark med motiv frå Kongleriket + diverse Kongleartiklar.
Alle som var med på rebusoppgåvene/teikna fekk med seg Konglefat og kopp heim. Vi delte ut Konglebrosjyrer til dei vaksne og ballonger og Kongle cd til barna. Dei tre beste frå tipping på Kongleglaset og bossorteringa vart premierte med Konglesekk og Kongle t-skjorter.
Vinnarar av miljøkonkurransen:
1. premie: Ida Lien Børseth 8 år
2. premie: Eivind Pettersen Tofting 6 år
3. premie: Gjertrud Gullaksen 13 år
Vinnarar av tipping på Kongler:
1. premie: Heidi Hauksdal Kvinge 10 år
2. premie: Ingvar Rafteseth 7 1/2 år
3. premie: Ann Regine Kvingedal 8 år
Gratulerer så mykje til vinnarane og til alle som deltok. Dette vart Heilt Kongle!




