Julekino i Gulen 30. november

Snekker Andersen og Julenissen (plakat)Onsdag 30. november inviterer vi alle Konglekundar til kinoen «Snekker Andersen og Julenissen» på Dalsøyra i Gulen.

Alf Prøysen si sjarmerande og stemningsfulle juleforteljing om Julenissen og snekkaren som byter roller på julekvelden har gleda barn og vaksne sidan 1959, og historia er for mange sjølve symbolet på den norske julestemninga. Filmen er den første filmatiseringa av Alf Prøysen i nyare tid.

Dørene opnar kl 17.30 og filmen starter kl 18.00. Kinoen er gratis for Konglemedlemane, andre barn og foreldre/voksne betaler vanleg kinobillett. Vi spanderer litt kinogodt.

Påmelding innan tysdag 29. november til jan.henrik.leknes@ssf.no
Har du ikkje e-post, kan du ringe 57 78 15 07.

Velkommen!