Kongleveka i Gulen
Siste Kongleveke i 2010 vart avvikla med mykje besøk både i Eivindvik og i Bank i Butikk i Brekke og Byrknesøy.
Temaet denne veka var helse, og vi fekk inn mange gode forslag om korleis Sjiraffen Sverre Moses kan bli betre frå forkjølinga.
Alle borna som kom innom banken for å tømme sparebøssene sine, fekk utlevert kopp og fat med motiv av Sjiraffen Sverre Moses og Apen Albert.
Konglekonkurransen som denne gongen hadde motiv ”helse”, hadde ein teoretisk og ein praktisk del.
Alle som var med i rebusløpet fekk buff med elggjengen for sporty og god innsats.