Høyanger sentrum pynta til påske!
Sparebanken Sogn og Fjordane har i samarbeid med Handelsgruppa i Høyanger invitert barnehagane til å pynte sentrum til påske.
Dette var ei utfordring fleire barnehagar tok på strak arm og lagde mykje kreativ påskepynt.
Som takk for pynten ga banken barnehagane ei kinoframsyning med ” Mamma Mø og Kråka”
Filmen vart ein suksess og latteren sat laust i salen.




