Julekino i Hyllestad 11. november


Snekker Andersen og Julenissen (plakat)
Fredag 11. november inviterer vi alle Konglekundar til kinoen «Snekker Andersen og Julenissen» i Vonheim på Sørbøvåg. 

Alf Prøysen si sjarmerande og stemningsfulle juleforteljing om Julenissen og snekkaren som byter roller på julekvelden har gleda barn og vaksne sidan 1959, og historia er for mange sjølve symbolet på den norske julestemninga. Filmen er den første filmatiseringa av Alf Prøysen i nyare tid.

Dørene opnar kl. 17:30 og filmen starter kl. 18:00. Kinoen er gratis for alle medlemmer i Kongleriket. Vi spanderer litt kinogodt.

Påmelding innan torsdag 10.november til pmhyllestad@ssf.no
Har du ikkje e-post, kan du ringe Turid 57 78 89 58
eller Mari 57 73 72 04

Velkommen!