Kongletur i Hyllestad

Søndag 3. april hadde Sparebanken Sogn og Fjordane Hyllestad arrangement saman med Barnas Turlag.

Vårt bidrag var å lage foliepakkar med grønsaker, pølser og krydder, som ungane kunne grille på bålpanna. Vi spanderte også eplejuice. Både mat og drikke fall i smak. Turen gjekk til Vardeheia, som ligg i Skifjord, Hyllestad kommune. Litt grått, og nokre regnbyger, men det la ingen dempar på stemninga. Dei fleste tok turen til toppen på Vardeheia, og fekk flott utsyn over ytre Fjaler/Askvoll/Hyllestad. Bålpanna vart rigga til halvvegs til toppen, ved eit lite vatn der det også ligg ei demme frå gamalt av. Ein idyllisk plass! Sidan veret var litt småsurt, smakte det med varm mat ved bålet etter at vi kom ned frå toppen.