Sjå Ferdinand i lag med oss

Vi inviterer med dette Konglekundane våre  med på kino fredag 12. januar kl. 18.00 i Vonheim, Sørbøvåg. Då ser vi filmen Ferdinand i lag. Også tidlegare Konglekundar (8-12 åringane) er hjarteleg velkomne.

Påmelding med tal barn som skal vere med innan 11.januar til pmdale@ssf.no eller tlf til Turid 57 73 72 12. Kinoen er gratis for konglebarna.

Velkomen til ei koseleg filmoppleving med oss i banken.