Kongleskileik på Jølster
I samarbeid med Langrennsgruppa i Jølster IL, vart det arrangert Kongleskileik sundag 6. mars.
Skileiken vart i år lagt i samband med det årlege karusellrennet i Årdalsdalen. Etter at alle borna kom i mål, flytta vi oss over til skileikområdet, der det var laga klar ei ”bob-bane” for bruk av akebrett, samt ei hinderløye/slalomløype og eit hopp. Her fekk borna styre leiken slik dei ønskte.
Før borna kom til plassen, hadde vi sytt føre å fyre opp bålet. Dei fleste nytta høvet til å ta sundagsmiddagen her. Borna fekk ei lita gåve frå banken; eit praktisk samanleggbart sitjeunderlag med Konglemotiv. Mange av borna tok det i bruk med ein gong.
For dei som ville høyre korleis det gjekk med Petter Northug og dei andre skigutane våre som vi er så stolte av, hadde vi løyst det ved medbrakt radio.
Kort oppsummert; ca. 50 glade born som leika seg på ski og akebrett, mykje grilla pølser, bra verforhold og gull og sølv til Norge på femmila. Det var med andre ord eit vellukka arrangement!





