Kongleveka på Jølster
Mandag 11. oktober - fredag 15. oktober var det Kongleveke.
Alle borna som kom innom banken fekk kopp og fat med motivet Apen Albert og Sjiraffen Sverre Moses. Borna hadde med seg sparebøssene sine, som vart tømte og pengane sette på konglekonto. Tema for denne Kongleveka var helse. Alle borna fekk velje seg ei frukt frå fruktfatet vi hadde ståande framme. Det var også høve til å delta i ein liten ”helse-quiz”.
Torsdag ettermiddag reiste Kari til Coop Vassenden, der ho var å treffe i tidsrommet 14.00 – 17.00. Der møtte mange born som leverte sparebøssene sine og fekk utdelt både Kongleservise og frukt. Også her kunne ein vere med på ”helse-quiz”.
Vi er heilt imponerte over kor flinke borna er til å spare! Ut i frå svara på konkurransen vår ser det ut til at alle veit kva som skal til for å ha ei god helse.
Av dei som leverte inn svar, har vi trekt ut følgjande vinnarar:
Vassenden:
Mari Solheimsnes – Kongleriket sekk
Thea Kjempenes – Kongleriket t-skjorte
Emil Kjempenes – Kongleriket hue
Isak Nordgulen – Kongleriket refleksvest
Skei:
Linnea Helgheim Espeland – Kongleriket sekk
Kristoffer Flatjord Sunde – Kongleriket t-skjorte
Amalie Rygg Sandal – Kongleriket hue
Gaute Kjøsnes – Kongleriket refleksvest
Vi gratulerer dei heldige vinnarane. Premiane vert sendt i posten!