Jølster

Oliver vann julekalenderen

Oliver Bruland er den heldige guten frå Førde som vann hovudpremien i årets julekalender her på kongleriket.no. Ein Nintendo DS har fått ny eigar, og Oliver smiler bredt. Eit par kompisar av Oliver hadde alt fått Nintendo i hus, så den stod høgt på ønskjelista.

Les heile «Oliver vann julekalenderen»

Pepperkakeutstilling i banken på Skei

SFO Vassenden tok på seg å lage  pepperkakeutstilling til banken sine lokale på Skei.

Les heile «Pepperkakeutstilling i banken på Skei»

Kongleveka på Jølster

 

Mandag 11. oktober -  fredag  15. oktober var det Kongleveke. 

Alle borna som kom innom banken fekk kopp og fat med motivet Apen Albert og Sjiraffen Sverre Moses.  Borna hadde med seg sparebøssene sine, som vart tømte og pengane sette på konglekonto. Tema for denne Kongleveka var helse. Alle borna fekk velje seg ei frukt frå fruktfatet vi hadde ståande framme.  Det var også høve til å delta  i ein liten ”helse-quiz”.
Torsdag ettermiddag  reiste Kari til Coop Vassenden, der ho var å treffe i tidsrommet 14.00 – 17.00. Der møtte mange born som leverte sparebøssene sine og fekk utdelt både Kongleservise og frukt. Også her kunne ein vere med på ”helse-quiz”.

Vi er heilt imponerte over kor flinke borna er til å spare! Ut i frå svara på konkurransen vår ser det ut til at alle veit kva som skal til for å ha ei god helse. 

Av dei som leverte inn svar, har vi trekt ut følgjande vinnarar:

Vassenden:
Mari Solheimsnes – Kongleriket sekk
Thea Kjempenes – Kongleriket  t-skjorte
Emil Kjempenes – Kongleriket hue
Isak Nordgulen – Kongleriket refleksvest

Skei:
Linnea Helgheim Espeland – Kongleriket sekk
Kristoffer Flatjord Sunde – Kongleriket t-skjorte
Amalie Rygg Sandal – Kongleriket hue  
Gaute Kjøsnes – Kongleriket refleksvest

Vi gratulerer dei heldige vinnarane. Premiane vert sendt i posten!

Les heile «Kongleveka på Jølster»

Din Jølsterdag 2010

Under ”Din Jølsterdag”  fekk borna prøve seg på å kaste risballar på eit stativ med  3 hol i forskjellige størrelsar.

Les heile «Din Jølsterdag 2010»

Din Jølsterdag 25. september

Kongleriket

 

No nærmar det seg ”Din Jølsterdag”, og i det høve vil vi arrangere ein  aktivitet for borna.

Les heile «Din Jølsterdag 25. september»

Kongleminiton på Vassenden laurdag 3. juli

Laurdag 3. juli vart små og store inviterte til Kongleminiton i regi av Jølster Maraton og Sparebanken Sogn og Fjordane. I perfekt springever, møtte over 200 store og små fram for å springe, gå eller sykle den 4,2 km lange løypa.

Les heile «Kongleminiton på Vassenden laurdag 3. juli»

Kongledag på Vassenden

Torsdag 25. februar var det Kongledag frå kl. 14.00 – 17.00 på Coop marked Vassenden. Borna som var innom fekk tømme sparebøssene sine, og alle fekk med seg nytt kopp og fat frå Kongleriket og ballong.

Les heile «Kongledag på Vassenden»

Vinnarar av teiknekonkurransen i Kongleveka 7.-11. desember

I Kongleveka i desember hadde vi teiknekonkurranse.

Les heile «Vinnarar av teiknekonkurransen i Kongleveka 7.-11. desember»

Nissefest på Vassenden

Torsdag 10. desember hadde vi invitert til nissefest på Vassenden.

Les heile «Nissefest på Vassenden»

Skulebesøk av 2. klasse på Skei skule

Fredag 11. desember fekk vi besøk av alle 2. klassingane på Skei skule.

Les heile «Skulebesøk av 2. klasse på Skei skule»