Pepperkakeutstilling i banken på Skei

SFO Vassenden tok på seg å lage  pepperkakeutstilling til banken sine lokale på Skei.

Tysdag 30. november kom 31 born og 5 vaksne med den flotte utstillinga si. I tillegg til pepperkakehus, hadde dei laga  dekorasjonar av granbar, nissar og te-lys. Som takk for hjelpa fekk borna risengrynsgraut og saft. Men vi hadde fleire utfordringar på lager, vi ville så gjerne pynte endå meir i banken.  Borna sette i gang og lage både juleteiknigar og julelenkjer. På bileta nedanfor kan de sjå kor flott det blei. Vi er svært takksame for flott innsats av SFO Vassenden!  

Vi var også så heldige å få ei uventa gåve frå barnehagen på Ålhus. Dei hadde laga ei ein slede og reinsdyr av pepperkake. Sleden var full av godteri. Vi set stor pris på gåva, og har difor sett den godt synleg på skranken vår.

Vi ønskjer alle våre Konglekundar ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Helsing Ragnhild, Magnus, Kari og Gunn Marie