Julekino i Måløy
I Måløy var vi så heldige å få førpremiere på den nye blånissefilmen «Blåfjell 2 – Jakten på det magiske horn». Vi samla 60 barn og vaksne til ein koselig filmkveld der alle fikk godtepose, blånissegodt sjølvsagt!
«Blåfjell 2 – Jakten på det magiske horn» er historia om blånissane som held til i Blåfjell og som syter for å lage den blå timen på julaftan. Rødnissane bur på garden ned i bygda, og skal gjere nissestrekar som å stele frå stabbursmaten på garden. Når garden blir trua av eit stort isfjell rømmer gardsfolket og rødnissane blir aleine igjen på garden, svoltne og ikkje i så godt humør..
Mange gode, unge skodespelarar som både blå- og rødnissar, men igjen er dei gamle eldst! Elsa Lystad i rolla som rødnissebestemora verkar humørsjuk, og med bitande gode replikkar løfter ho filmen og får mange til å trekke på smilebandet. Rødnisse-svigersonen har ho særs lite til overs for – ikkje myke tak i den nissen i følgje gamlemor! Samarbeid er eit tema som går igjen i filmen. Dette har endra seg sidan dei første filmane om Blånissane blei laga, da vart det ein evig kamp mellom rød og blå. I denne nye filmen samarbeider dei om å få det magiske hornet tilbake frå den rike og mektige kolgruvedirektøren. Det magiske hornet kan nemlig lage kulde og snø – og varme og sol…, ja eit slikt skulle vi hatt i fylket vårt:-) Den som toppar filmen er likevel Toralv Maurstad, MoseTussen, som på knirkande og flott nordfjorddialekt sprett omkring på lerretet – spenstig og morosam i sine kommentarar! Utrulig at han fyller 85 år 24. november! Gode filmeffektar gjer til at denne filmen, som også visast i 3D, får oss til å kjenne sommarfuglane i magen! Vi er med på ein fartsfull tur gjennom gruvegangane – der vi føler at vi sit midt opp i ein karusell og bare kjenner suset frå mellomgolvet og heilt opp til hue! Kjekk film for både store og små. Vi i Kongleriket gir filmen terningkast 5!
Helsing frå Mary Ann, Leif-Tore og Heidi


