Kongledag i Førde onsdag 15. mars

Kongledag15. mars vert det Kongledag med langope i banken kl 09:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss.

Her kan barna delta i konkurransar og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Vi har eventyrstund kl 16.15, kl 16.45 og kl 17.15, der vi får høyre historia om første gongen Anna kom inn i Kongleriket. Det blir også diverse andre aktivitetar frå kl 15.30.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!