Kongletur til Eikefjordstøylen med Barnas turlag

Søndag 26. september hadde vi i Sparebanken Sogn og Fjordane fjelltur saman med Barnas turlag i Florø.

83 store og små fekk nyte det flotte turterrenget i Eikefjord denne haustdagen. Vel oppe serverte vi varme pannekaker med blåbærsyltetøy, og alle fekk ei velfortent pause med medbrakt mat og drikke.

Noko av turfølget gjekk same veg tilbake, mens resten gjekk vidare vest til Hovlandstøylen, og ned grusvegen der. Ein stort betre dag kunne vi ikkje hatt!