Leikanger

Vinnar av “Mine juleønskje”

Mest av alt ønskte Kristian seg slalomutstyr, han får dermed eit gåvekort på 2.000,- som han kan kjøpe utstyr for.

Konglenissen var i skikkelig godlag, og har trekt ut 3 heldige vinnarar til som får ønskja sine oppfyllt.

Desse er:
- Anna Victoria Kaale 2 år frå Sandane – Dukkevogn
- Cedrik Bøyum 7 år frå Førde – Billettar til Tusenfryd
- Julie Fredheim 8 år frå Olden – Puslespel

I tillegg har 20 andre Konglekundar fått tilsendt flotte Kongleeffektar!

 

 

Vinnar av teiknekonkurransen i Kongleveka

I førre Kongleveke hadde vi ein stor teiknekonkurranse, der alle Konglemedlemane kunne delta. Vi fekk inn over 600 flotte teikningar – no er den heldige vinnaren kåra!

Vinnaren av ein Playstation 3 med mikrofonar og spel vart Eldar Ringstad Loen på 9 år frå Førde. Gratulerer så mykje!!

På bilete ser vi Eldar få overrekt premien sin frå Geir Haugen i banken.

Sjå vinnarteikninga og nokre av dei andre teikningane vi fekk inn i konkurransen.

 

Vinnar av teiknekonkurranse

 

Vinnaren av teiknekonkurransen vi arrangerte her på kongleriket.no i sommar vart Linn-Katrin Wolff på 9 år, frå Leirvik i Sogn

Les heile «Vinnar av teiknekonkurranse»

Vinnar av Nintendo Wii i Kongleveka

Lina Hjelmeland 9 år frå Nordfjordeid var den heldige vinnaren av ein Nintendo Wii i konkurransen her på kongleriket.no i første Kongleveka i 2011.

Lina vart plukka ut blant heile 1300 deltakarar og vart kjempeglad for premien!

Lyst å vinne andre flotte premiar? Bli med i konkurransen her.

Oliver vann julekalenderen

Oliver Bruland er den heldige guten frå Førde som vann hovudpremien i årets julekalender her på kongleriket.no. Ein Nintendo DS har fått ny eigar, og Oliver smiler bredt. Eit par kompisar av Oliver hadde alt fått Nintendo i hus, så den stod høgt på ønskjelista.

Les heile «Oliver vann julekalenderen»

Ein julelaurdag på Leikanger

I banken på Leikanger me stilte opp,
for dei vakse varm kaffi i ein kopp.
Til dette ei pepperkake eller to,
for i banken me skulle ha litt julemoro.
Raude kjakar med fregner på,
og fine nisseungar me fekk sjå.

Fruktbar Kongledag på Leikanger

Ein vindfull dag på Leikanger under Fruktbaredagar. Der konkurransearka flaug gatelangs og fargerike ballongar farga himmelen.  Men til tross for dette var det mange systrendingar som våga seg ut i dei store vindkast. Det var yrande folkeliv på Leikanger denne laurdagen, med mange besøkande i banken, både store og små.

Les heile «Fruktbar Kongledag på Leikanger»

Kongleleikar på Leikanger

Den 22. september arrangerte Syril IL saman med Idrettskrinsen, Kongleleikar på Leikanger. Idrettsgleden sigra over surt ver og regn, og ca 50 barn deltok.

Les heile «Kongleleikar på Leikanger»

Kongleorientering på Arnfinnstølen 15. juni 2010

Tysdag 16. juni kl 18.00 var det atter ein gong orienteringsløp for våre Konglekundar i Sogndal og Leikanger. Denne gongen var vi på ein ny plass høgare opp i terrenget på Kaupanger på ein stad kalla Arnfinnstølen.

Les heile «Kongleorientering på Arnfinnstølen 15. juni 2010»

Kongleveke på Leikanger 22.-26. februar

På Leikanger hadde mange vore flinke å spare på bøssene sine, og me fekk nok besøk av dei alle saman.
For me hadde mange Kongleungar innom på besøk. Noko me tykte var kjempe kjekt!

Les heile «Kongleveke på Leikanger 22.-26. februar»