Fruktbar Kongledag på Leikanger

Ein vindfull dag på Leikanger under Fruktbaredagar. Der konkurransearka flaug gatelangs og fargerike ballongar farga himmelen.  Men til tross for dette var det mange systrendingar som våga seg ut i dei store vindkast. Det var yrande folkeliv på Leikanger denne laurdagen, med mange besøkande i banken, både store og små.

På Leikanger denne haustlaurdagen kunne ein treffe på litt av kvart, alt ifrå raude marihøner til skumle tigrar og søte rosa kaniner. Og  med ballongar, frukt og juice ynskte me alle saman velkomne innom banken.  For inne i banken kunne dei som ynskte få ansiktet sitt malt av to frivillege kjempesnille jenter frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Rebusen ”Fruktbar Konglesti” gjekk føre seg utafor banken sine lokale, på sjølve parkeringsplassen. Her var det om å gjere å tvihalde på svararka, så ikkje vinden førde svara på ville vegar. Rebusen hadde heile 66 deltakarar som klarte å overvinne vinden og få svararket trygt i boksen.