Kongledag på Leikanger onsdag 15. mars

SPESIAL_vaar15. mars vert det Kongledag med langope i banken! Vi ynskjer alle Konglekundar velkommen inn i banken på Leikanger.

Ta med sparebøssa for å tømme den. Her kan barna delta i konkurranse og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss. Opningstid denne dagen vert kl 09.30-18.00.

Kl. 17:00 vert det eventyrstund, der vi får høyre historia om første gongen Anna kom inn i Kongleriket.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!