Kongleorientering på Arnfinnstølen 15. juni 2010
Tysdag 16. juni kl 18.00 var det atter ein gong orienteringsløp for våre Konglekundar i Sogndal og Leikanger. Denne gongen var vi på ein ny plass høgare opp i terrenget på Kaupanger på ein stad kalla Arnfinnstølen.
Veret var Heilt Kongle -kunne ikkje vore betre. Ungane som kom (og dei vaksne) hadde ei fin stund i skogen. Det vart delt ut kopp og fat som premiar, diplom og sjølvsagt noko å drikke å ete når dei kom i mål.
Me ynskjer alle våre Konglekundar ein strålande sommar!



