Kongleveke på Leikanger 6.- 10. oktober

Kongleveke 6.-10. oktoberVi startar Kongleveka laurdag 4. oktober i samband med feiring av Leikanger Sparebank fyller 150 år og Fruktbare dagar på Leikanger.

Vi har open bank kl. 11:00 – 14:00. Det vert bøssetømming, konkurranse og fine premiar til dei som kjem denne dagen. Vi gler oss!

6.-10. oktober er det Kongleveke.
Ta med sparebøssa og kom innom – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Vi lagar til teiknebord med mange kjekke teikningar de kan fargelegge. Det er og ein spennande konkurranse du kan delta i!

Dette vert HEILT KONGLE – velkomen!

Vinn gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!