Kongleveke på Leikanger 22.-26. februar
På Leikanger hadde mange vore flinke å spare på bøssene sine, og me fekk nok besøk av dei alle saman.
For me hadde mange Kongleungar innom på besøk. Noko me tykte var kjempe kjekt!
Da var vinterferien og året si fyrste Kongleveke over, og på Leikanger hadde me ungar innom ifrå tidleg føremiddag måndag til minuttet før stengetid fredag. Dette med stigande tal sparar for kvar dag. Her tømde både stolte gutar og jenter bøssene sine, og mottok velfortent kongleriket kopp og fat.
No har banken på Leikanger blitt kjempefargerik, med super fine teikningar frå dykk Kongleungar som pyntar opp den vetle Konglekroken vår. Dei tre barnehagane; Nybø, Askedalen og Henjahaugen har og vore med, med sine fine teikningar om venskap. Så tusen takk til dykk alle saman! Neste gong håpar me på enda fleire.
Me hadde og ein Miljøkonkurranse med sortering av avfall(boss), og her hadde dei fleste svara heilt rett. Kjempe bra! Dei heldige vinnarane vil få brev tilsendt i posten.
No er det berre å spare meir til neste Kongleveke, takk for denne gong!
Me sjåast i haustferien for ny bøssetømming.



