Skicross på Harpefossen
Årets første skicross-renn på Harpefossen Skisenter vart ein suksess, til tross for at veret ikkje viste seg frå si aller beste side.
Det var 45 påmelde i alderen 4 til 12 år. Dei var delt inn i 3 klassar etter alder, og 1. plassen i kvar klasse vart premierte med gåvekort sponsa av Sparebanken Sogn og Fjordane. I tillegg vart det trekt ut ein i kvar klasse som fekk fleecejakke frå Harpefossen skisenter. Alle som deltok fekk velge premie frå ei rikhaldig premiekasse.







