God stemning på nissefest

Torsdag var det duka for nissefest i Naustdal. Og for ein fest det blei! 150 barn og ca 100 vaksne deltok på nissemarsj og nissefesten. I løpet av kvelden gjekk det unna 4 store panner med graut, altså nesten 60 liter!

Banken var full av små konglenissar, og stemninga var veldig god med julemusikk og nissedans.

Nissefestvertstkapet, Ingunn, Anders, Astrid og Erling, er strålande fornøgde og håpar de alle hadde ein kjekk kveld!
nytest