Kongleveka i Naustdal 16.-20. februar

Kongleveke16.-20. februar er det igjen klart for Kongleveke !

I Naustdal har vi to Kongledagar denne veka, måndag 16. februar og torsdag 19. februar kl 10:00-15:00 der Konglekundane kan komme inn og tømme sparebøssa si.

Ta med sparebøssa og kom innom – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i teiknekonkurranse der premien er eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk.

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!

KONGLESKULE I HANDBALL
Vi minner også om Kongleskulen i handball for alle handballinteresserte i alderen 7-13 år, som blir arrangert i Førde i vinterferien – her er endå nokre ledige plassar igjen! Meld deg på her snarast!