Kongleveka i Naustdal
Vi hadde ei kjempefin Kongleveke i haustferien. Vi fekk besøk av mange kjekke Konglekundar som ville tømme sparebøssene sine, og få premie. Dei fekk og sjå den nye Konglekroken vår med alle dyra i Kongleriket.
Mange teikna fine teikningar til oss, og dei er med i trekninga om fin premie. Vi får vite kven som er vinnarane seinare.
Tusen takk for kjekt besøk, og så håpar vi de kjem snart igjen!