Nissemarsj og nissefest i Naustdal

Mange Konglekundar og foreldre kom også i år til den tradisjonelle Konglenissefesten vår. Godt samarbeid med barneidrettsgruppa i Tambarskjelvar IL gjorde dette til ein kjempefin fest.

Vi hadde nissemarsj frå idrettsbana til Sanden og tilbake til sentrum og banken, der vi serverte nesten 200 porsjonar med graut, saft, pepperkaker og kaffi. Sjølvsagt kom nissen på besøk i år og, med ei lita gåve til stor glede for alle.